Hopp til hovedinnhold

Helse- og oppvekstfag

Pasient i seng

Helse- og oppvekstfag er ei yrkesfagleg utdanning og er for deg som er omsorgsfull og liker å samhandle med andre. Etter 2 år på skule kan du gå ut i lære. Du kan også ta påbygg til generell studiekompetanse før eller etter læretida.

Er du omsorgsfull og likar å samhandle med andre?

Dette er utdanninga for deg som bryr deg og som vil jobbe med menneske. Opplæringa har mykje praksis, er tverrfagleg og kominerer teori og praksis på ein god måte. Ønsker du å bli sjukepleiar, kan du ta påbygging til generell studiekompetanse.

Som elev på helse- og oppvekstfag kan du velje programfag i toppidrett, med fotball, handball, friidrett og e-sport. Vi kan også tilby andre idrettar etter avtale.

Du lærer om

  • helsefremjande arbeid
  • fysisk og psykisk helse
  • korleis kroppen er oppbygd
  • kommunikasjon og samhadling
  • barn og unges utvikling
  • kost, ernæring og hygiene

Vi tilbyr

  • vg1 Helse- og oppvekstfag
  • vg2 Helsearbeidarfag

Les meir om alle helsefaga på vilbli.no

Søk skuleplass på vigo.no

 

Vg1 Helse og oppvekstfag

Helse- og oppvekstfag utdannar deg til å jobbe med menneske.

På vg1 lærer du korleis du skal gi omsorg og støtte til menneske som treng hjelp. I tillegg vil du få grunnleggande teoretiske kunnskapar om kroppen si oppbygging og funksjonar, sosialfag, førebyggande helsearbeid, kostlære, hygiene og førstehjelp. I løpet av dette året får du som elev prøvd deg i arbeidspraksis slik at du skal bli tryggare på kva retning du bør velje vidare.

Helse- og oppvekstfag er eit utdanningsprogram som fører fram til yrke som til dømes helsefagarbeidar, barne- og ungdomsarbeidar, hudpleiar, ambulansearbeidar, farmasiteknikar og fotterapeut. Her får du kunnskap om helsefremjande arbeid, korleis kroppen er bygd opp, hygiene, førstehjelp, sjukdomar, velferdsteknologi og kosthald.

I faget yrkesfagleg fordjupning (YFF) får du prøve  ut ulike yrke innan utdanningsprogrammet, du får moglegheit til å få yrkespraksis ute på arbeidsplassar. Du kan vere utplassert i opptil åtte veker i løpet av skuleåret. Då er du gjerne tre veker på skulen og ei veke i praksis i skulefritidsordning, helseinstitusjon eller barnehage. Opplæringa skal vere praksisnær og tverrfagleg og knyte teori og praksis saman.

Skulen har avtalar med lokalt arbeidsliv i samanheng med praksisperiodane. 

Læreplan i vg1 helse- og oppvekstfag

Vg2 Helsearbeidarfag

Som helsefagarbeidar jobbar du med menneske i alle aldrar og ulike livssituasjonar. Det kan vere barn, vaksne og eldre menneske med ulike funksjonshemmingar, sjukdommar, eller med behov for rehabilitering.

Denne utdanninga vil gje deg kompetanse til å jobbe på sjukeheim, sjukehus, heimesjukepleien, dagsenter for funksjonshemma, bufellesskap og andre institusjonar innanfor helsefaga. Dette er ei utdanning det er behov for både i dag og i framtida.

Ved fullført Vg2 er du kvalifisert for å søkje vidare opplæring i bedrift i helsearbeidarfaget, opplæring i bedrift i portørfaget. 

Som helsefagarbeidar kan du også ta vidareutdanning innanfor mange ulike retningar på fagskule. Andre tek påbygging til generell studiekompetanse og til dømes sjukepleiarutdanning på høskule. Vg2 på skule tek føre seg ein god del teori, men elevane er i løpet av året i praksis i fleire institusjonar.

Læreplan i vg2 helsearbeidarfag

Toppidrett

Toppidrett med yrkesfag passar for elevar som likar å trena mykje, og som samtidig ønskjer å utdanne seg innan helse- og oppvekstfag. Vi tilbyr valfritt programfag i toppidrett til dømes fotball, handball, friidrett. Vi kan også tilby toppidrett i andre idrettar etter avtale. Du trenar 5 timar i veka.

Toppidrett.

 

Vegen vidare:

Etter to år i skule kan du søkja læreplass i godkjende lærebedrifter.Meir om det å bli lærling.

Du finn ei oversikt over godkjende lærebedriftar, opplæringskontor og medlemsbedrifter på vilbli.no

Du kan også ta påbygg til generell studiekompetanse vilbli.no (før eller etter læretida) for å kunne studere vidare på høgskule/universitet.

Etter fagbrev er du kvalifisert til å søke påbygging til generell studiekompetanse eller fagskuleutdanning vilbli.no