Godt samarbeid mellom skule og heim er eit vesentleg bidrag til læringsmiljøet. Vi førsøker å legge best mogleg til rette for eit slikt samarbeid.
Skulen skal halde kontakt med foreldra til ikkje myndige elevar gjennom heile skuleåret. Elev og foreldre blir kalla inn til startsamtale den første skuleveka, slik at vi kan opprette god kontakt mellom heim og skule.
Frå skulestart har vi foreldremøte der foreldra får informasjon om skulen, opplæringa, korleis dei kan medverke, rutinar og anna som er relevant. Møtet er todelt med ei felles informasjonsøkt med skuleleiinga og deretter klassevis samling med kontaktlærar.