Hopp til hovedinnhold

Toppidrett

Elevar i idrettshall

Toppidrett er eit programfag for deg som ønskjer å trene fotball, handball eller andre idrettar. Vi kan også tilby toppidrett i andre idrettar etter avtale. Opplæringa skal gi utfordring, spenning, glede og meistring, samt bidra til å utvikle sjølvtillit hos den enkelte utøvar. Treningstid fem timar i veka.

Arna vgs har samarbeid med fleire klubbar og lag i Arna:

Arna Bjørnar fotball - Erik Mjelde

Bjørnar handball - Kenneth Oen

Idrettslaget Fri - Morten Solheim

Arna Crossfit Anterior, Functional Fitness - Kenneth Larsen.

Les meir om Functional Fitness i Arna vgs.

Om du vel toppidrett e-sport får du Sindre Rygg som lærar. Han har vore tilsett ved skulen sidan 2016 og han er Noregs første lærar innan e-sport.

Korleis søkjer du?

Du søkjer Arna vgs på Vigo.no og vel eit av våre utdanningsprogram ved skulen.  

Læreplan i toppidrett

Jente med dataskjerm

Arna satsar på e-sport

Tilbud til dei som søkjer studiespesialiserande og media og kommunikasjon ved Arna vgs.

E-sport er enkelt forklart ei samlenemning for ulike former for dataspelkonkurransar. Du deltar på LAN, turneringar og arrangerer og administrerer turneringar for frivillige organisasjonar som Bergen Spillfestival og BIFF Bergen Kino. Vi er opptatt av koshald, ernæring, livsstil.

Du trenar fem timar i veka og du får tilgang til spelrom og spelmaskiner også utanom skuletid. 

Besøk vår Facebook-side: "AVS E-sport"